Bruktbutikken
Bruktbutikken blitt drifta av frivillige.
Me tek i mot brukte gjenstander, møbler og barnekle i våre åpningstider.
Ta kontakt for levering på dagtid onsdag, me tek i mot varer så lenge me er i området.
Levering av møblar må avtalast på førehand med Anita Kjørlaug tlf. 456 65 954 då me ynskjer å sjå møblane før dei blir levert i butikken. Vis/send oss bilete av møblane.
All inntekt går til ulike arrangement,
aktivitetar og tiltak i regi av Luster Frivilligsentral og gjerne andre samarbeidspartnarar.
Med andre ord går inntekta ut igjen i aktivitetar i lokalsamfunnet Luster.

Utstyrssentral
Dette er ein open sentral for innbyggjarar i Luster, der alle skal ha moglegheit for å låne seg gratis turutstyr.
Ved utstyrtsentralen er det grunnleggande turutstyr, syklar, ski-og akeutstyr.
Alle må skrive kontrakt ved lån av utstyr.
Maks lånetid er 1 veke.
Dersom barn er under 18år og skal låne aleine, må
dei ha fullmakt frå foreldra.
Utstyrssentralen er ikkje bemanna.
Lån av utstyr må skje i opningstida til Luster frivilligsentral kl. 08:00-15:30,
og må på førehand avtalast på tlf. 456 65 954
eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no