
Jubileum for Lustramarknaden. Den 25. tilskipinga går av stabelen frå 11. til 13. juni.![]()
Me startar sommaren med eit tradisjonelt og spenstig arrangement i år også!
Lustramarknaden har faktisk vorte eit arrangement med mange tradisjonar både for lokale og omstreifande kremmarar. Det er heller ikkje tvil om at for eit stort publikum vert dette opplevd som eit arrangement der næring og kultur møtest på ein triveleg måte. Og det er noko av målet med Lustramarknaden, å få vise fram kva som finst av varer og tenester i kommunen generelt og i kommunesenteret spesielt!
I tillegg er marknaden krydra med gode innslag frå bransjar som ikkje er å finna i kommunen. At me har valt å gjera dette i form av ein stor marknad er ikkje tilfeldig. Statistisk er det ikkje mange former for salsarrangement som samlar eit større publikum utandørs her i Sogn. Skal me slå eit slag for trivsel og ein sosial møteplass ligg tilhøva godt til rette for dette i Gaupne sentrum. Både Rådhusparken og store parkeringsareal vert fylte opp med aktivitetar.
![]() |
![]() |
![]() |
|
Sceneprogram Arve Røneid |
Åsmund Norstoga |
Uteservering |
Alle kan vera med
Dei som driv rein næringsverksemd betalar ei leige for areral til sin stand og ein andel av den felles marknadsføringa som vert utført av Lustramarknaden. Alle andre frivillige lag og organisasjonar betalar ei symbolsk avgift for felles marknadsføring.
Viktig arena for nye tiltak
For dei i kommunen og nærområdet som driv innan småskalaverksemd og heime-industri og innan husflid, mat produksjon osv. er dette ein viktig arena for å møta sitt publikum. Her er ingen for liten til å vera med! Oppmodinga går difor til alle som har noko dei vi visa fram, eller selja: Ta kontakt med Lustramarknaden og meld deg på!
Frivillige organisasjonar
Skal me skape ein marknadsstemning av den ”gode, gamle sorten” er det nødvendig å spela på mange strenger -! Lustramarknaden er staden der alle kan få vise seg fram og formidle noko av det dei held på med. På Lustramarknaden møter også organisasjonane eit større publikum, noko som gjer det ekstra spennande å delta. Lustramarknaden utfordrar alle lag og organisasjonar, store og små - har de noko å formidle? - bruk Lustramarknaden som vindauga mot verda og nær-miljøet ditt!
Det er spennande å konstatere at lokale arrangement som t.d. sykkelløpet Gaupne Grand Prix og mosjons- og landevegsløpet Lustraløpet no er ein utvida del av Lustramarknaden. Her ligg det rimeleg godt til rette for å utvide med fleire arrangement, og såleis nytte godt av den felles marknadsføringa.
![]() |
![]() |
![]() |
|
Lustraløpet |
Oppmars |
Gaupne Grand Prix 09 |
Lustramarknaden
er organisert som ein ”aksjonskomite” der Luster Sparebank, Luster kommune, Pyramiden Senterforening og COOP – Prix Gaupne er representerte.
I 2010 er desse med i arrangementskomiteen:
• Leiar i Lustramarknadskomiteen Alf Henning Evjestad, tlf.: 57 68 27 04 , ahe@luster-sparebank.no
• Repr. for Luster kommune Erling Bjørnetun, tlf.: 57 68 55 21
erling.bjornetun@luster.kommune.no
• Repr. for Pyramiden Senter, Svein Norberg, tlf. 57 68 67 05, fax 57 68 62 63,
post@pyramidensenter.no
• Senterleiar PRIX Gaupne
gaupne@prix.coop.no
Leiar Coop Byggmix
gaupne@byggmix.coop.no
Folk trivst på Lustramarknaden
Noko av det viktigaste med Lustramarknaden er opplevinga og marknadsstemninga! Både Luster sine talent innan underhaldning og aktivisering av ulik art får vise seg fram, og publikum i alle aldrar får ei oppleving som oppmuntrar og inspirerar. Mange reknar på kor stor denne maknaden er i form av besøkstal.
![]() |
![]() |
![]() |
|
Marknadsstemning |
Publikum sikrar seg autograf |
Sandvolleyballturnering |
Idear til lokale tiltak kan bli ein del av Lustramarknaden
Idear til nye innslag vil alltid vera velkomne. Styrken ved å stå samla er som regel meir effektiv både ved felles marknadsføring og sjølve opplevinga av å vera fleire i møte med publikum. Prioritering av arrangement på vekedagar før den store marknads-dagen på laurdag er tema for arrangementskomiteen kvart år. Har du / de eigne arrangement som passar inn under vignetten og mottoet? Ta kontakt med Erling Bjørnetun (57685521).
Påmeldingsfrist 15. mai
Det er eit mål å ha oversyn over alle utstillarane og plassen desse treng i god tid før sjølve marknadsdagen. For å vera trygg på at de får plass MÅ de vera påmelde og ha betalt inn standleige på førehand til: 3785.60.24181. Prisar får de ved å venda dykk til arrangementskomiteen. Utstillarane må sjølve halda bord/stol og ev. monteringsvegg.
Med helsing for Lustramarknaden 2010:
Alf Henning Evjestad Svein Norberg Erling Bjørnetun