sport1 sportsbui logo

Du finn oss i 2.etasje på Pyramiden Senter i Gaupne.

Opningstider:           Måndag-onsdag               kl. 10.00-17.00

Torsdag                     kl. 10.00-18.00

Fredag                       kl. 10.00-17.00

Laurdag                     kl. 10.00-16.00

Sportsbui vart etablert for 25 år sidan på Pyramiden Senter og har sidan den tid utvikla seg gradvis til å verta ein stødig fullsortimentsbutikk, med vareutval og kompetanse tilpassa dei lokale tilhøva. På dei 240 kvadratmeterane i butikken finn du:

  •  Skiavdeling med alt du treng av utstyr til alle disiplinar
  • Skoavdeling med joggesko, fjellsko eller andre spesialsko
  • Fiskeavdeling med utstyr spesielt retta mot lett ferskvanns-/fjellfiske
  • Sykkelutstilling og sykkelverkstad for alle slags syklar
  • Tekstilar til allslags friluftsaktivitetar
  • … og smilande og kompetente butikkarbeidarar som hjelper deg med ditt kjøp!

Me ynskjer å yta best muleg service til kundane våre og jobbar hardt for at alle som brukar oss som sportsbutikk skal vera nøgde med handelen.

 

Dei siste 3 åra har me hatt eit godt samarbeid med lokale idrettslag (IL Bjørn, Luster IL og IL Fanaråk), Luster Turlag og Sogn Skisenter der alle medlemmar (evt. årskort hjå Sogn Skisenter) får 15% rabatt på ordinære varer i butikken.

 

Me stiller med salgstand på arrangement som t.d Molden Opp, Fanaråken Opp og Lustramarknaden.