1381634_438166036303620_679965915_nYnskjer de å profilere dykkar produkt, lag/organisasjon eller bedrift på Pyramiden?

Pyramiden har fleire standplassar (marknadsplassar) tilgjengeleg for utleige.

Alle plassar er godt synlege og tilgjengelege ved torget i hovudetasjen.

Fint om de på førehand avklarar dykkar behov for leige av utstyr, bord, stolar, strøm osv.

Ein føresetnad for utleige av stand/marknadsplass er at sal ikkje kjem i direkte konkurranse med produkt som allereie seljast av faste leigetakarar i senteret.

 


Bestilling

infoTa kontakt med marknadskoordinator Magne Kvalsøren for meir informasjon og bestilling av standplass.
tlf. 412 97 643 e-post: post@mkit.no


Infoskjerm

Ta kontakt med MK IT AS om de vil ha annonsering via infoskjermane på senteret.

 

945253_378859762234248_260074784_nMarknadsplassens plassering og utsjånad.

 Faste standplasser er:

Inne:

  • Ved og bak trapp mot heis.
  • Bak heis bortover mot næraste butikk. (spar-veggen)

Ute:

  • Mellom parkeringsplassar og hovudinngong.

 

Oppsøkjande sal rundt om på andre områder,butikkar og kafear er ikkje lov.
Hald ein ryddig stand til einkvar tid Kassar, handlevogner, søppel. skal ikkje stå rundt standen.
Standen skal vere stille – bruk av musikk, mikrofon, og liknande skal vere avklart på førehand.

Om Pyramiden
Pyramiden, butikk og servicesenter i Gaupne vart opna i 1985 som det fyrste handelssenteret i Sogn og Fjordane.

Bygget inneheld 14 butikkar, 2 kafear, vinmonopol, bibliotek og fleire serviceeiningar. Over 150 menneskje har sin arbeidsplass her.
Pyramiden har over 200 000 besøkjande kvart år og omsette i 2014 for 90 millionar kroner.